Informasjon kring løpsdagen 30juni OPPDATERT 12/6- 2018 -klikk her-

Løparinformasjon 2018 – litt praktisk informasjon

 

Sekretariat/utdeling av startnummer 
Sekretariat på Modig Stadion. Henting av startnummer kan skje frå klokka 11.30 på løpsdagen, eller på torsdag 28/6 klokka 18.00 på Modig Stadion.

 

Program Laurdag 30.juni 2018
Kl. 11.00 - Opning av sekretariat

Kl. 12.00 – Markering av Mensen Ernst ved minnesteinen. Offisiell opning av arrangementet v/leiar i IL Modig Siri W. Bøthun.

Kl. 12.20 til 12.30 – Barneløp 400m

Kl. 12.40 – Rullestolløp 400m

Kl. 13.00 – Fellesstart for samtlege distansar, både for dei som vil gå eller springe.

Kl. 13.15-14.30 - Liten påskjønning til beste mann og kvinne i kvar distanse. Dette vil skje fortløpande undervegs i arrangementet.

Ca. 15.30 – Avslutning av løpet etter at siste deltakar er i mål.

 
Barneløp 400m

Påmelding frå klokka 11.30 til 12.20.  Pris kr 40 (kort, vipps eller kontant). Deltakarmedalje til alle.

 

Rullestolløp 400m

Førehandspåmelding. Framleis mogleg å melde på ved å sende mail til meminnelop@gmail.com Gratis påmelding. Deltakarmedalje til alle.

 

Løypene. 

Paris-Moskva 2500km (1,5km) Blå

München-Nauplia 2700km (3,5km) Blå+grøn

Istanbul-Calcutta t/r 8300km (6,5km) Blå+grøn+gul

Mot Nilen sine kjelder (12km) Blå+grøn+gul+raud


Løypene vil vera godt merka, + løypevakter på strategiske plassar. Det skal såleis ikkje vera problem å finne fram. Dersom ein ønskjer å sjå løypekart kan dette finnast på heimesida vår eller på Facebook-sida vår. Løypa består av 4 rundar der rundane skal springast i ei bestemt rekkjefølgje (blå-grøn-gul-raud). Antal rundar er bestemt av din valde distanse (1,5km = blå løype. 3,5km = blå + grøn løype. 6,5km = blå + grøn + gul løype. 12km = blå + grøn + gul + raud løype). Rekkjefølgja på rundane er også vist på startnummeret ditt. Kvar runde startar og sluttar på Modig Stadion. Dei to første rundane består 50-50 av grus/sti og asfalt. Dei to siste rundane består hovudsakleg av asfalt. Løypene er noko kupert. Kilometermerking for kvar heile kilometer.

 

Garderobar
Garderobar og dusjar finnes i klubbhuset på Modig stadion.

 

Kiosk
Det er open kiosk på Modig Stadion. Her får du kjøpt blant anna heimalaga betasuppe, is, kaffi og brus mm. Her trengs ingen niste! Betaling med vipps, kort eller kontant.

 

Tidtaking. 
Tid (rundetid og sluttid) tas med brikke festet rundt ankelen. Det er mogleg å springe/gå utan å få offentleggjort tida, men me ser helst at alle nyttar brikke rundt ankelen då me kan ha kontroll på kor mange som er komme i mål og kor mange som framleis er ute i løypa til ein kvar tid. Dette av sikkerheitsmessige årsaker.  

 

Startnummer
Startnummer hentast i sekretariatet mellom 11.30 og fram til seinast 12.30. Startnummera er i forskjellige fargar og representera fargen på din SISTE runde. Spring du til dømes 3 rundar (blå+grøn+gul) vil du då få utlevert eit GULT startnummer.

 

Drikkestasjoner
Det vil være drikkestasjon på bana 200m etter start. Det vil seie at ein er innom drikkestasjon etter 200m, 1,7km, 3,7km og 6,7km. Det er også drikke i målområdet. Servering av vatn/saft.

 

Premiering hovudløp. 
Alle som fullfører vil få ein kjempeflott deltakarmedalje ved målpassering. Det vil også vera ein ekstra påskjønning til beste kvinne og mann på kvar distanse i hovudløpet. Dette vil skje fortløpande under arrangementet når etter kvart som deltakarane i kvar distanse kjem i mål. Som tidlegare vil det bli utdelt ein vandrepokal til beste kvinne på den lengste distansen. Denne må vinnast 3 gonger før ein kan få den til odel og eige. Så langt har 8 forskjellige kvinner napp i vandrepokalen.  

 

Toalett. 
Det er toalett inne i klubbhuset i tilknyting Modig Stadion (både i garderobane og fellestoalett.

 

Parkering

Det er IKKJE tilgang på parkering ved Modig Stadion. Parkering på Fresvik Skule (400m frå Stadion), Fresvik Produkt (200m frå Stadion) eller Fresvikkaien/Fresvik Kyrkje (800m frå Stadion).

 

Sikkerheit
Helsepersonell vil vera til stades

 

Testløp/funksjonærløp
Torsdag 28.juni vil det vera eit uhøgtidleg testløp/funksjonærløp klokka 18.30 på Modig Stadion. Alle som ønskjer kan delta dersom dei ønskjer å gå gjennom løypa, skilting skal vera klart, men ingen løypevakter. Funksjonærar som ikkje har moglegheit til å delta laurdagen kan gå gjennom løypa og få utdelt deltakarmedalje i mål (må melde seg på, framleis 5 ledige plassar). Alle andre deltek gratis, men ikkje utdeling av medalje.  

 

Har du fleire spørsmål eller om det er noko viktig me har gløymt å nemne, kommenter gjerne eller ta kontakt på meminnelop@gmail.com.

 

Velkommen!

Mvh.
IL Modig

 

Dag Einar Bøtun