Meld deg på!

Mensen Ernst Minneløp  er eit løp tilpassa for akkurat deg! Uansett form, fasong, alder eller erfaring kan me lova deg ein fantastisk dag med god stemning, lykkerus og rørsleglede på høgaste nivå! Børst støv av joggeskoa, bli med og la den gode stemning føra deg gjennom dei ulike bragdene til løparkongen Mensen Ernst.   

NY LØYPE

 

I 2018 fekk me ei heilt ny løype! Løypa består av 4 rundløyper, der kvar løype startar og avsluttar inne på Modig Stadion. Kvar runde er oppkalla etter Mensen Ernst sine 4 største løpsetappar, og har kvar sin fargekode - Paris-Moskva (BLÅ), München-Nauplia (GRØN), Istanbull-Calcutta (GUL) og Mot Nilen sine kjelder (RAUD). Ønskjer du å springe Paris-Moskva (1,5km) spring du den første runden. Dersom du skal springe Munchen-Nauplia på 3,5km, må du FØRST springe første runden, før du legg ut på andrerunden. Det same gjeld for dei som skal springe Istanbull-Calcutta t/r (6,5km); dei må FØRST gjennom første runden, DERETTER 2. runden for så å AVSLUTTE med 3.runden. Dei som ønskjer å springe den lengste etappen- Mot Nilen sine kjelder (12km)- må gjennom alle dei 4 rundane. Meir info om løypene finn du øverst under fana "distansar".