Då er 2019 godt igang, og me har sjølvsagt starta planlegginga for årets løp. Blant anna har me bestilt inn 150 medaljar, frå same leverandør som i fjor. MEN, designet har me ikkje bestemt 100% endå. Banda vil vera tilnærma like, og det same vil framsida vera (IL Modig logoen). Baksida derimot skal skiftast ut (den med bilete av Mensen Ernst). Har DU eit forslag? Send oss ditt forslag på mail til meminnelop@gmail.com så kanskje er det akkurat ditt forslag som skal pryde årets medaljar. Me ønskjer oss ein illustrasjon som kan knytast opp mot Fresvik eller Mensen Ernst. Til dømes ein illustrasjon av minnesteinen, Fresvikfjella, eit kart over Europa, eller eit bilete av eit skip etc! Kva tykkjer DU?
28 påmeldte!
1januar 2019 har me passert 28 påmeldte til løpet som går av stabelen 29juni! Meld deg på du også! Obs, deltakartak på 150stk (ikkje inkludert barneløp).
Mensen Ernst Juletur 29desember
Bli med på sosialt juletur i løypene til Mensen Ernst minneløp 6 månadar før sjølve løpet 🎅😊. Me går/jogger i eige tempo!! Møt opp på stadion kl 11.00
Håper mange har lyst å være med på ein uformell tur, kor koplar av frå den hektiske julestria. Her blir det ingen tidtaking og ein må ha med eigen drikke!! Men fin anledning til å bli kjent med løypene 😊
Du finn også arrangementet på IL Modig si Facebook-side
Mvh friidretsgruppa
Påmeldinga er open!
Klikk på ein av linkane, eller besøk deltager.no og søk opp Mensen Ernst minneløp!