Barneløp - rullestol-løp - barnvogn-løp - stafett - 1,5km - 3,5km - 6,5km - 12km

〰️

Barneløp - rullestol-løp - barnvogn-løp - stafett - 1,5km - 3,5km - 6,5km - 12km 〰️

ÅRETS ARRANGEMENT UTANFOR BANE I 2022!

VINNAR AV FOLKEHELSEPRISEN SFJ 2023!

PÅMELDING til Mensen Ernst Minneløp 2024 er opna. Bruk knappen under for påmelding.

IL Modig trur på mestringsopplevingar og på å sprenga eigne grenser. For mange er dette å ha på seg eit startnummer når startskotet går. På Mensen Ernst minneløp kan du gjera nettopp dette, uansett føresetnadar. Siste helga i juni har me lagt alt til rette for at ALLE skal kunne vera med. Unge og eldre, erfarne og uerfarne. Her er alle like store vinnarar

Mensen Ernst minneløp, eit løp for alle!

 

Mensen Ernst minneløp er eit løp for absolutt alle, eit arrangement som blir tilrettelagt med sikte på helse- og trivselsformål meir enn på konkurransar og prestasjonar. Her fokusera me på god stemning, rørsleglede og personleg meistring! Gå eller spring. Uansett alder, form eller erfaring er dette løpet perfekt for akkurat DEG!

 

Vel mellom fleire distansar:

1,5km
3,5km
6,5km
12km
Stafett, 4 pr. lag
400m barneløp
400m barnevogn-løp
400m rullestol-løp
(Les meir under “informasjon”)

DSC_0797.JPG

OBS!

DELTAGERTAK PÅ 150STK!

(ikkje inkludert barneløp)

Rullestol-løp

Bli med på rullestolløp. 400m på bane. Påmelding via epost til meminnelop@gmail.com

Ingen for unge, ingen for gamle!

Bli med på barnevogn-løp!

Stafett

4 etappar, på 1,5km - 2km - 3km og 5,5 km! Ta med kollegaer, venner eller familie!