Mensen Ernst minneløp
 
 

Meld deg på!

OBS! FULLTEIKNA!!
Sjekk ut "informasjon" for mykje praktisk info. (Nytt tidskjema for programmet lagt ut 12/6.2018)

 

Program Laurdag 30.juni 2018
Kl. 11.00 - Opning av sekretariat

Kl. 12.00 – Markering av Mensen Ernst ved minnesteinen. Offisiell opning av arrangementet v/leiar i IL Modig Siri W. Bøthun.

Kl. 12.20 til 12.30 – Barneløp 400m

Kl. 12.40 – Rullestolløp 400m

Kl. 13.00 – Fellesstart for samtlege distansar, både for dei som vil gå eller springe.

Kl. 13.15-14.30 - Liten påskjønning til beste mann og kvinne i kvar distanse. Dette vil skje fortløpande undervegs i arrangementet.

Ca. 15.30 – Avslutning av løpet etter at siste deltakar er i mål.

 

Mensen Ernst Minneløp  er eit løp tilpassa for akkurat deg! Uansett form, fasong, alder eller erfaring kan me lova deg ein fantastisk dag med god stemning, lykkerus og rørsleglede på høgaste nivå! Børst støv av joggeskoa, bli med og la den gode stemning føra deg gjennom dei ulike bragdene til løparkongen Mensen Ernst.   

NY LØYPE

 

I 2018 har me ei heilt ny løype! Løypa består av 4 rundløyper, der kvar løype startar og avsluttar inne på Modig Stadion. Kvar runde er oppkalla etter Mensen Ernst sine 4 største løpsetappar, og har kvar sin fargekode - Paris-Moskva (BLÅ), München-Nauplia (GRØN), Istanbull-Calcutta (GUL) og Mot Nilen sine kjelder (RAUD). Ønskjer du å springe Paris-Moskva (1,5km) spring du den første runden. Dersom du skal springe Munchen-Nauplia på 3,5km, må du FØRST springe første runden, før du legg ut på andrerunden. Det same gjeld for dei som skal springe Istanbull-Calcutta t/r (6,5km); dei må FØRST gjennom første runden, DERETTER 2. runden for så å AVSLUTTE med 3.runden. Dei som ønskjer å springe den lengste etappen- Mot Nilen sine kjelder (12km)- må gjennom alle dei 4 rundane. Meir info om løypene finn du øverst under fana "distansar".

 

Eit arrangement for alle som skapar idrettsglede,
god stemning og motivasjon for rørsle.

Fresvik2.jpg

Kva med å prøve deg på etappen Paris til Moskva på drøye 2500km (1,5km)

Eller ta med deg ein venn å legge ut på etappen Munchen til Nauplia på gode 2700km? (3,5km)

Er du klar for tøffare utfordringar? Då er kanskje Istanbull-Calcutta tur retur 8300km (6,5km) noko for deg?

Eller kva med den ultimate utfordringa? Klara du å halde oppe den gode stemninga heile vegen mot Nilen sine kjelder? (12km)

DSC_0241.JPG

"Den vel mest utrolige hurtigløper, ikke bare i det 19. århundre, men til alle tider, er nok nordmannen Mensen Ernst." - idrettshistorikaren Stephan Oettermann om Fresvikjen sine løparprestasjonar.

fresvik3.jpg

"Å vera i rørsle er å leva, å sitte stille er å døy" - Mensen Ernst sitt svar på korleis han kunne overleve slike ufattelege distansar.

WP_20160714_13_05_19_Pro.jpg