Løypekart og info om distansane

Høgdeskilnad.png

OBS! DELTAKARTAK PÅ 150!

I 2019 held me fram med løypa frå 2018. Einaste endring vil bli plassering av målgang. Løypa består av 4 rundløyper, der kvar løype startar og avsluttar inne på Modig Stadion. Kvar runde er oppkalla etter Mensen Ernst sine 4 største løpsetappar, og har kvar sin fargekode - Paris-Moskva (BLÅ), München-Nauplia (GRØN), Istanbull-Calcutta (GUL) og Mot Nilen sine kjelder (RAUD). Ønskjer du å springe Paris-Moskva (1,5km) spring du den første runden. Dersom du skal springe Munchen-Nauplia på 3,5km, må du FØRST fullføre første runden, før du legg ut på andrerunden. Det same gjeld for dei som skal springe Istanbull-Calcutta t/r (6,5km). Dei må FØRST gjennom første runden, DERETTER 2. runden for så å AVSLUTTE med 3.runden. Dei som ønskjer å springe den lengste etappen- Mot Nilen sine kjelder (12km)- må gjennom alle dei 4 rundane. Sjølv om det kan høyrast litt avansert ut, vil det vera løypevakter og god skilting, så det å finne fram vil ikkje vera noko problem. Det vil også verta arrangert barneløp.

Nedanfor kan du lese litt om kvar enkelt rundløype. Men hugs, alle distansane startar med BLÅ løype, og deretter vidare. Skal du til dømes springe Mot Nilen sine kjelder,  (først gjennom både blå-, grøn- og gul løype før du kan leggje ut på den siste runden-raud), må du derfor lese deg opp på alle dei 4 løypene om informasjonen skal vera korrekt for ditt løp. 

Løypekart over runde 1, blå løype - Paris Moskva

Løypekart over runde 1, blå løype - Paris Moskva

1-PARIS-MOSKVA 2500KM (1,5KM)

Paris - Moskva 2500km består av ei 1,5km lang løype. 1/3 av løypa går på grus, og 1/3 på asfalt og 1/3 på flott tursti

Løypekart over runde 1 + 2, grøn løype - Munchen-Nauplia

Løypekart over runde 1 + 2, grøn løype - Munchen-Nauplia

2-MÜNCHEN-NAUPLIA 2700KM (3,5KM)

Munchen - Nauplia 2700km er ein runde på 2km, slik at den samla distansen er på 3,5km. Løypa går på 1/4 grus, 2/4 flott tursti og 1/4asfalt.
OBS: dersom du skal springe Munchen-Nauplia 3,5km må du FØRST gjennom blå løype og deretter AVSLUTTE med grøn løype.

Løypekart over runde 1 + 2 + runde 3, gul løype - Istanbul-Calcutta t/r

Løypekart over runde 1 + 2 + runde 3, gul løype - Istanbul-Calcutta t/r

Løypekart over runde 1+2+3 + 4, raud løype - Mot Nilen sine kjelder

Løypekart over runde 1+2+3 + 4, raud løype - Mot Nilen sine kjelder

3-ISTANBUL-CALCUTTA TUR/RETUR 8300KM (6,5KM)

Istanbul-Calcutta tur/retur 8300km er ein runde på 3km, slik at den samla distansen er på 6,5km. 1/4 går på grus, medan 3/4 går på asfalt.
OBS: Dersom du skal springe Istanbul-Calcutta t/r 6,5km må du FØRST gjennom blå løype, DERETTER grøn løype, og AVSLUTTE med gul løype.

4-MOT NILEN SINE KJELDER (12KM)

Mot Nilen sine kjelder er den siste runden på 5,5km som gir ein totaldistanse på 12km.  Det meste av runden går asfalt.
OBS: Dersom du skal spinge Mot Nilen sine kjelder 12km, må du FØRST gjennom blå løype, DERETTER grøn løype, SÅ gul løype og AVSLUTTE med raud løype.

Kart over alle dei 4 løypene. Alle løypene skal springast i same rekkjefølgje. Dvs at dersom du ønskjer å springe Istanbull-Calcutta, må du først springe gjennom løype 1-blå løype, deretter løype 2-grøn løype for deretter å avslutte med løype3-gul løype. Dette gjer at totaldistansen blir på 6,5km sjølv om den gule løypa åleine berre er 3km. Lukke til :)

Løypa har skilt, løypevakter og fargepiler i bakken!

Løypa har skilt, løypevakter og fargepiler i bakken!