Opplegget er endå ikkje spikra for 2024, men me legg ved programmet for 2023, og årets program vil vera noko tilsvarande.

Løparinformasjon – praktisk informasjon

MAKS 150 DELTAKARAR (fordi me rett og slett ikkje tørr å brenne inne med for mange medaljar og startnummer. Blir me utseld, aukar me deltakartalet til neste år!)

Sekretariat/utdeling av startnummer 
Sekretariat på Modig Stadion. Henting av startnummer kan skje frå klokka 10.00 på løpsdagen, eller på fredag 24.06 klokka 18.00 på Modig Stadion.
OBS! Startnummer må hentast INNAN 12.15!
Påmelding av barneløp via Vipps, hentar startnummer i sekreteriatet.

Foreløbige planar for program Laurdag 24.juni 2023
Kl. 10.30 - Opning av sekretariat

Kl. 12.00 – Markering av Mensen Ernst ved minnesteinen.

Kl. 12.15 Stenging av sekretariat.

Kl. 12.30 - Start barnevogn-løp 400m. NYTT AV ÅRET

Kl. 12.40 – Start barneløp 400m. Medalje til alle som deltek! (Påmeldingsavgift 50 kroner)

Kl. 13.00 – Puljestart for samtlege distansar, både for dei som vil gå eller springe. Også stafettlaga startar samtidig klokka 13.00

Kl. 13.15-14.30 - Fortløpande: Ein liten påskjønning til raskaste jente/gut i mål på alle distansar. Me kan også love spektakulære medaljar til samtlege som fullfører.

Ca. 15.00 – Avslutning av løpet etter at siste deltakar er i mål.

 
Barneløp 400m

Påmelding fram til kl 12.15 ved å vippse 50 kroner til IL Modig (søk opp “IL Modig” på vipps). Startnummer hentast i sekreteriatet. Alle ungane får medalje og gratis is etter fullført løp. 

 

Rullestolløp 400m

Etter 3 år utan rullestolløp, vil me ha stort fokus på å få i gang igjen dette løpet! Medalje til deltakarane. Gratis påmelding.

Stafett

For dei som skal delta på stafett, så må startnummera hentast i sekreteriatet, samt stafettpinne. Tidtakarbrikken er festa i stafettpinnen, det er såleis viktig at denne er med heile vegen til mål for å få registrert tida si. I tillegg er det ein ekstra brikke på startnummeret til personen som spring den siste etappen. Det er derfor viktig at denne deltakaren ikkje passera målområdet før han spring sin etappe. Det blir ikkje teke rundetid på kvar etappe.

Løypene. 

Paris-Moskva 2500km (1,5km) Blå

München-Nauplia 2700km (3,5km) Blå+grøn

Istanbul-Calcutta t/r 8300km (6,5km) Blå+grøn+gul

Mot Nilen sine kjelder (12km) Blå+grøn+gul+raud

Stafett, 4 deltakarar- 1.etappe Blå, 2.etappe Grøn, 3.etappe Gul, 4.etappe Raud.


Løypene vil vera godt merka, + løypevakter på strategiske plassar. Det skal såleis ikkje vera problem å finne fram. Dersom ein ønskjer å sjå løypekart kan dette finnast på heimesida under “informasjon -> løypekart” eller på Facebook-sida vår. Løypa består av 4 rundar der rundane skal springast i ei bestemt rekkjefølgje (blå-grøn-gul-raud). Antal rundar er bestemt av din valde distanse (1,5km = blå løype. 3,5km = blå + grøn løype. 6,5km = blå + grøn + gul løype. 12km = blå + grøn + gul + raud løype). Rekkjefølgja på rundane er også vist på startnummeret ditt. Kvar runde startar og sluttar på Modig Stadion. Dei to første rundane består 50-50 av grus/sti og asfalt. Dei to siste rundane består hovudsakleg av asfalt. Løypene er noko kupert. Kilometermerking for kvar heile kilometer (ikkje kontrollmål)

Passering og målgang
Kvar gong du passera “målstreken” ut på ny runde, skal du halde til høgre i løpebana.
Når du skal i mål, passera du til venstre i løpebana, og kryssar målstreken under målseglet.
 

Garderobar
Me har tilgang til både herre- og damegarderobe i klubbhuset på Modig Stadion. Kvar garderobe har dusjar og toalett.
I tillegg til toalett i garderobane, er det to ekstra toalett i klubbhuset. Eitt i 2.etasje, og eit i 1.etasje. Nytt gjerne desse ved for å unngå lang kø.

 

Kiosk 
Det er open kiosk på Modig Stadion. Sal av blant anna drikke, kaffi, betasuppe og is. Betaling med vipps, kort eller kontant.

 

Tidtaking. 
I år er “tidtakarbrikka” festa på startnummeret ditt. Det viktigaste er å ikkje brette startnummeret, og at du festar det på mage/bryst.

 

Startnummer
Startnummer hentast i sekretariatet mellom 10.00 og fram til seinast 12.15. Startnummera er i forskjellige fargar og representera fargen på din SISTE runde. Spring du til dømes 3 rundar (blå+grøn+gul) vil du då få utlevert eit GULT startnummer. Startnummera er av typen ein-gangs, og kan kastast etter løpet dersom du ikkje ønskjer å behalde det.

 

Drikkestasjoner
Det vil i år vera to drikkestasjonar. Eit i Svardalen (passering både på Grøn, Gul og Raud løype), samt på bana (passering alle rundar). Det vil seie at ein er innom drikkestasjon etter 200m, 1,7km, 2,7km 3,7km og 5,7km, 6,7km og 8km.
På drikkestasjon vil ein kunne få servert vatn og saft. Ønskjer ein anna drikke, kan dette setjast ut som self-support på borda i forkant av løpet.

 

Premiering hovudløp. 
Alle som fullfører vil få ein kjempeflott deltakarmedalje ved målpassering.  
Det vil også vera ei lita påskjønning til raskast herre/dame på kvar distanse, samt stafettlag.

Toalett. 
Det er toalett inne i klubbhuset i tilknyting Modig Stadion (både i garderobane og fellestoalett.) Totalt 4 toalett, tre stk i første etasje, og eitt i andre etasje. Hugs god handhygiene.

 

Parkering

Det er IKKJE tilgang på parkering ved Modig Stadion. Parkering på Fresvik Skule (400m frå Stadion), Fresvik Produkt (200m frå Stadion) eller Fresvikkaien/Fresvik Kyrkje (800m frå Stadion). Møt opp i god tid.

 

Sikkerheit
Helsepersonell vil vera til stades representert av Vik Røde Kors.

 

Testløp/funksjonærløp
Fredag 24.juni vil det vera eit uhøgtidleg testløp/funksjonærløp klokka 18.30 på Modig Stadion. Alle som ønskjer kan delta dersom dei ønskjer å gå gjennom løypa, skilting skal vera klart, men ingen løypevakter. Funksjonærar som ikkje har moglegheit til å delta laurdagen kan gå gjennom løypa og få utdelt deltakarmedalje i mål (må melde seg på på førehand og gi beskjed om deltaking på funksjonærløp). Alle andre deltek gratis, men ikkje utdeling av medalje.  

 

Har du fleire spørsmål eller om det er noko viktig me har gløymt å nemne, kommenter gjerne eller ta kontakt på meminnelop@gmail.com.

 

Velkommen!

Mvh.
IL Modig


“Den vel mest utrolige hurtigløper, ikke bare i det 19. århundre, men til alle tider, er nok nordmannen Mensen Ernst.”
— Stephan Oettermann, idrettshistorikar.