Nytt løp tilpassa alle!
Mensen Ernst Minneløp er eit løp tilpassa for akkurat deg! Uansett form, fasong, alder eller erfaring kan me lova deg ein fantastisk dag med god stemning, lykkerus og rørsleglede på høgaste nivå! Børst støv av joggeskoa, bli med og la den gode stemning føra deg gjennom dei ulike bragdene til løparkongen Mensen Ernst..
Ny løype!
I 2018 har me ei heilt ny løype! Løypa består av 4 rundar som må springe i ei bestemt rekkefølge. Du vel sjølv kor mange rundar du ønskjer å springe. Slik blir det altså 4 forskjellige distansar. Kvar runde startar og avsluttar inne på Modig Stadion. Kvar distanse er oppkalla etter Mensen Ernst sine 4 største løpsetappar, og har kvar sin fargekode - 1runde = Paris-Moskva (BLÅ), 2 rundar = München-Nauplia (GRØN), 3rundar = Istanbull-Calcutta (GUL) og 4rundar = Mot Nilen sine kjelder (RAUD). Meir info om løypene finn du øverst under fana "DISTANSAR".