OBS! DELTAGERTAK PÅ 100STK!
NY LØYPE!
4 ulike distansar
I 2018 har me ei heilt ny løype! Løypa består av 4 rundløyper, der løypene må springast i ei bestemt rekkjefølgje. Du veljer sjølv kor mange rundar du vil springe; 1, 2, 3 eller alle 4 rundane.
Nedanfor kan du lese litt om kvar enkelt rundløype. Men hugs, alle distansane startar med BLÅ løype, og deretter vidare. Skal du til dømes springe Mot Nilen sine kjelder, (først gjennom både blå-, grøn- og gul løype før du kan leggje ut på den siste runden-raud), må du derfor lese deg opp på alle dei 4 løypene om informasjonen skal vera korrekt for ditt løp.
1-PARIS-MOSKVA 2500KM (1,5KM)
RUNDE 1
Paris - Moskva 2500km består av ei 1,5km lang løype. 1/3 av løypa går på grus, og 1/3 på asfalt og 1/3 på flott tursti..
2-MÜNCHEN-NAUPLIA 2700KM (3,5KM)
RUNDE 1 OG 2
Munchen - Nauplia 2700km er ein runde på 2km, slik at den samla distansen er på 3,5km. Løypa går på 1/4 grus, 2/4 flott tursti og 1/4asfalt.
OBS: dersom du skal springe Munchen-Nauplia 3,5km må du FØRST gjennom blå løype og deretter AVSLUTTE med grøn løype.
3-ISTANBULL-CALCUTTA TUR/RETUR 8300KM (6,5KM)
RUNDE 1, 2 OG 3
Istanbull-Calcutta tur/retur 8300km er ein runde på 3km, slik at den samla distansen er på 6,5km. 1/4 går på grus, medan 3/4 går på asfalt.
OBS: Dersom du skal springe Istanbull-Calcutta t/r 6,5km må du FØRST gjennom blå løype, DERETTER grøn løype, og AVSLUTTE med gul løype.
4-MOT NILEN SINE KJELDER (12KM)
RUNDE 1, 2, 3 OG 4
Mot Nilen sine kjelder er den siste runden på 5,5km som gir ein totaldistanse på 12km. Det meste av runden går asfalt.
OBS: Dersom du skal spinge Mot Nilen sine kjelder 12km, må du FØRST gjennom blå løype, DERETTER grøn løype, SÅ gul løype og AVSLUTTE med raud løype..
Lyst på oppdateringar og artige fakta?
Besøk oss på facebook sida vår då vel. Der kjem det jamnleg med med innlegg. Lik oss og følg med.