Då er 2019 godt igang, og me har sjølvsagt starta planlegginga for årets løp. Blant anna har me bestilt inn 150 medaljar, frå same leverandør som i fjor. MEN, designet har me ikkje bestemt 100% endå. Banda vil vera tilnærma like, og det same vil framsida vera (IL Modig logoen). Baksida derimot skal skiftast ut (den med bilete av Mensen Ernst). Har DU eit forslag? Send oss ditt forslag på mail til meminnelop@gmail.com så kanskje er det akkurat ditt forslag som skal pryde årets medaljar. Me ønskjer oss ein illustrasjon som kan knytast opp mot Fresvik eller Mensen Ernst. Til dømes ein illustrasjon av minnesteinen, Fresvikfjella, eit kart over Europa, eller eit bilete av eit skip etc! Kva tykkjer DU?