100 plassar igjen!

2mars passerte me 50 påmeldte, og me har no under 100 ledige plassar.
——————-
"Kva tid sprang du på?" - er eit ofte stilt spørsmål, men også eit spørsmål som er irrelevant og sjeldan konstruktivt. Me er alle forskjellige, med ulike utgangspunkt og ulike mål. Under Mensen Ernst Minneløp blir du ikkje heidra basera på slutt-tid eller resultat. Her blir du heidra om du klarar å fullføre, på lik linje med alle andre som fullfører, uavhengig du går eller spring, joggar eller sprintar. IL Modig trur på å sprenge eigne grenser, enten om det er ei spesifikk slutt-tid eller om det er å ha på seg eit startnummer når startskotet går.

Vår jobb er å legge til rette for at absolutt alle kan delta, erfarne og uerfarne. Og evnar du å krysse mållinja, så er du ikkje berre ein verdig vinnar av årets unike medalje, du er også nettopp det; ein vinnar!

Me ønskjer å sjå nettopp deg under Mensen Ernst minneløp laurdag 25juni!

Påmelding via www.mensenernst.org - maks 150 plassar, 97 ledige plassar pr 2/3. Bli med!