Mensen Ernst funksjonær- og testløp

Torsdag kveld arrangera me funksjonærløp for alle funksjonærane som ønskjer å springe Mensen Ernst minneløp, men som er opptekne med arbeidsoppgåver på løpsdagen. Det vil bli tidtaking (for dei som vil) og medaljeutdeling. Det er også mogleg å vera med for dei som ønskjer å teste løypa på førehand. Startskotet går kl 18.30.
(Ellers blir det også dugnad denne dagen, kor me riggar opp og klargjer oss for storinnrykk laurdag)

Nye medaljar

Då er 2019 godt igang, og me har sjølvsagt starta planlegginga for årets løp. Blant anna har me bestilt inn 150 medaljar, frå same leverandør som i fjor. MEN, designet har me ikkje bestemt 100% endå. Banda vil vera tilnærma like, og det same vil framsida vera (IL Modig logoen). Baksida derimot skal skiftast ut (den med bilete av Mensen Ernst). Har DU eit forslag? Send oss ditt forslag på mail til meminnelop@gmail.com så kanskje er det akkurat ditt forslag som skal pryde årets medaljar. Me ønskjer oss ein illustrasjon som kan knytast opp mot Fresvik eller Mensen Ernst. Til dømes ein illustrasjon av minnesteinen, Fresvikfjella, eit kart over Europa, eller eit bilete av eit skip etc! Kva tykkjer DU?

Mensen Ernst Juletur 29desember

Bli med på sosialt juletur i løypene til Mensen Ernst minneløp 6 månadar før sjølve løpet 🎅😊. Me går/jogger i eige tempo!! Møt opp på stadion kl 11.00
Håper mange har lyst å være med på ein uformell tur, kor koplar av frå den hektiske julestria. Her blir det ingen tidtaking og ein må ha med eigen drikke!! Men fin anledning til å bli kjent med løypene 😊
Du finn også arrangementet på IL Modig si Facebook-side

Mvh friidretsgruppa