Påmelding

Idag opnar påmeldinga til Mensen Ernst minneløp 2020.
Datoen for løpet er laurdag 27.juni!

Då me ikkje vil stele fokus frå IL Modig sin 100års fest den 9.nov, blir ikkje opninga av påmeldinga blåst opp i noko stor grad før i midten av november. I år som i fjor blir det 150 plassar på løpet.

OG DU? Dersom du brukar kampanjekoden “2019”, og nyttar denne innan 31desember, så får du 25% rabatt på alle distansar. Link til påmeldinga finn du på påmeldingsknappen på denne nettsida :)

Tusen takk

Tusen takk til alle deltakarar og funksjonærar under Mensen Ernst Minneløp 2019! Totalt hadde me 132deltakarar på hovudløpet, 35 på barneløpet og 2 på rullestolløpet! Det er me veldig nøgde med!

Utvalgte bileter vil komme på galleriet vårt dei nærmaste dagane. Over 500 bileter er allereie lagt ut på vår Facebook-side. Ellers kan de også sjekke ut vår Instagram konto meminnelop for fleire oppdateringar.

INFO

INFO:
Det er IKKJE mogleg å parkera på Modig Stadion. Nytt gjerne Fresvik Produkt (200m), Fresvik Skule (400m) eller Fresvikkaien/Fresvik Kyrkje (800m).

Vær tidleg ute med henting av startnummer og påmelding (sekretariatet stenger kl 12.15 (barneløpet startar 12.20)).

Idag er SISTE moglegheit for førehandspåmelding. Påmelding på dagen er mogleg, men kostar 100kr meir enn førehandspåmeldinga.

Værmeldinga viser FANTASTISK vær, så ta med heile familien!😁 Vel møtt!

Tidspunkt for start

Då er programmet spikra, og opninga av mosjonsløpet vil føregå klokka 12.00

Sekreteriatet opnar allereie kl.11.00, kor det er mogleg å hente startnummer og melde seg på barneløpet fram til 12.00.

Offisiell opning klokka 12.00
Start barneløpet klokka 12.20
Start rullestolløp klokka 12.40
Start hovudløp klokka 13.00

Sjå meir info for løpsdagen under “nyheiter-løpsdagen”